Bli kjent med Toyota bZ4X

Ein heilt ny elektrisk SUV med firehjulstrekk

Elbilen Toyota bZ4X er innovativ, effektiv og har eit tydeleg SUV-design. Ein komfortabel, rommeleg og ekte SUV, tilgjengeleg med eit nytt system for firehjulsdrift (AWD) som gir eigenskapar i toppklasse. Den tek deg heile vegen dit du skal og gir deg ein behageleg køyreoppleving på vegen, med Toyota sin kvalitet i botn!

Utmerka køyreeigenskapar

bZ4X vert levert både som ein forhjulsdrevet tohjulstrekkar og med firhjulsdrift, med elektrisk motor på høvevis 150 kW (204 HK) og 160 kW (217,5 HK). Desse gir bilen ein akselerasjonstid frå 0-100 km/t på 7,7 sekundar.

Utstyrt for all slags køyring

Klasseleiande SUV off-road eigenskapar gir bZ4X ekstra sikkerheit ved køyring under vanskelege forhold.

XMODE forbetrar ytelsane, og med forskjellig modus kan den aktiverast for å tilpassast forholda. Dette gjer deg trygg på at bZ4X taklar alle utfordringar du møter.

Supre batteriytelsar

Etter 25 år med utvikling av høgkapasitetsbatteri, tilbyr Toyota bekymringsfri rekkevidde med batteri som er like gode, år etter år.

Litiumion-batteriet har ein kapasitet på 71,4 kWh som forventast ei rekkevidde på over 450 km* (WLTP-norm).

Sikkerheit du kan stole på

Toyota bZ4X vert forsterka også med 3. generasjon av Toyota Safety Sense (TSS) med nye, forbetra funksjonar for å gi beskyttelse mot eit endå breiare spekter av vanlege ulykkeshendelsar. Vår ultimate mål er alltid «Null dødsfall og skadar i trafikkulykker».

Intelligent, tilkoblet cockpit

Toyota Smart Connect er en eksepsjonell hurtig og lettbetjent oppleving - alltid oppdatert via den trådlause teknologien.

MyT-appen på telefonen hjelper deg med å sjekke batterinivået, planlegge lading, sjå data for køyreturen. Med tilkobla tjenester kan du fjernstyre alt frå klimaanlegget til låsing av bilen.

Unik stil og utsjånad

Toyota bZ4X har designet eit karosseri som kombinerar den stilige og avanserte utsjånaden til ein elbil med eit tydeleg SUV-design. Alltid også med aerodynamikk i tankane.

Reservasjon - enkelt og gebyrfritt

Du kan reservere din nye elektriske Toyota ved å gjennomføre to enkle steg på vår reservasjonsside. Hugs å velje Toyota Sogn som din forhandlar.

Det er ingen reservasjonsgebyr eller anna forpliktelse, og du kan når som helst kansellere reservasjonen. Før bestilling av bil tek me kontakt med deg for å sette opp endeleg tilbod.

Kvifor velje ein batterielektrisk Toyota?

Med over 25 års erfaring, viser Toyota vegen til ei helelektrisk framtid. Med meir enn 18 millionar elektrifiserte biler allereie på vegen og 17 elektrifiserte modellar å velje mellom fortset Toyota å levere eksepsjonelle innovasjonar som gjer kunder over heile verda tilfredse. Takka være omfattande erfaring frå utvikling av batteriteknologi og effektiv styring av energiflyt, gir Toyotas batterielektriske bilar pålitelege og varige ytelsar.

Eksteriør

Interiør

Dine lademuligheter

Offentlege ladestasjonar

Ved hjelp av MyT-appen finn du raskt og enkelt offentlege ladestasjonar der du kan hurtiglade. Lading til 80% kan gjerast på rundt 30 minutter med 150 kW hurtiglading (CCS2)

Veggboks heime

Desse heimeladarane ladar mykje raskare enn frå vanlege stikkontaktar. Ein bZ4X kan her fulladast på fra 6,5* til 10 timer.

*Med 11kW veggboks tilgjengeleg i oktober 2022

Omfattande servicetilbod

Toyotas servicetilbud er utviklet for at våre kunder skal unngå bekymringar og føle seg trygge. Dei inkluderar betalingsløysingar for lading, forsikring og eit stort utval av tilkobla tjenester som er tilgjengelege via MyT-appen.