Treng du nye dekk? Spør oss om gode tilbod på kvalitetsdekk og bestill plass på vårt dekkhotell

På tide med nye dekk?

Spør oss for våre gode kampanjar på dekk - gode dekk er din beste forsikring for trygg ferdsel langs vegen. Regelverket seier at mønsterdybda skal være minimum 1,6 mm på sommardekk, og 3,0mm på vinterdekk. Fagfolk anbefaler at mønsterdybda bør være på minimum 3 mm for å køyre tryggast muleg på sommaren og 4-5mm på vinteren. I tillegg spelar dekkets alder ein stor rolle. Normal levetid er 3-4 sesongar dersom du køyrer ca. 15 000 km pr. år. Dekk med alder over 5-6 år vert harde og bør som regel alltid byttast.

Sommar- og vinterdekk som har «gått ut på dato» eller har låg mønsterdybde vil kunne ha betydeleg reduserte eigenskapar. Sjekk difor kvaliteten på dekka kvart år.

Er du usikker på om dekka dine fortsatt er gode nok? Kontakt oss for meir informasjon om både dekk og for å katlegge dine behov! Me lagerfører dekk i ulike prisklassar og kvalitet - og har kvalitetsdekket Continental til gode prisar.

Kontakt meg

Dekk og dekkhotell - frå kr 995,- pr sesong

Er tiden inne for å sleppe å stresse med hjulskift 2 ganger i året og finne plass til hjula? Toyota Sogn har i fleire år tilbydd dekkhotell til våre kundar. Dekkhotell inkluderar lett vask, oppbevaring, kontroll av dekk, hjulskift og forsikring. Enklare vert det ikkje. Spør oss for gode tilbod på nye dekk til din bil og vurder vårt dekkhotell.

Me har kompetanse og erfaring for å finne rett dekk til ditt behov, og har kampanjeprisar på dekk!

Visste du at på alle nyare personbilar er det eit system for dekktrykkvarsling som reduserar risikoen for uhell, samstundes som det bidreg til mindre dekkslitasje og lågare drivstofforbruk. Ein sensor på ventilen på kvart dekk overvåkar lufttrykket.

Me samarbeidar med dei leiande dekkleverandørane og tilbyr komplette vinterhjul til våre modellar. Me har også eit rikt utvalg av aluminiumsfelger. Ta kontakt med oss for ein dekkprat.