Om oss:
Toyota Sogn AS er etablert på Kaupanger, og vårt økonomikontor jobbar aktivt med driftsselskapa tilknytt konsernet. Økonomikontoret følgjer opp Toyota Sogn, Skadesenteret Sogn, ANI Utleige og Bilhuset Førde. Desse selskapa har totalt 60 tilsette og om lag kr. 360 millionar i omsetnad. Med stor vekst dei siste åra treng vi å styrke laget. 

Søkjer rekneskapsmedarbeidar

Me utlyser spennande stilling som rekneskapsmedarbeidar med dedikert ansvar for oppfølging av enkelte driftsselskap i konsernet. Ønskjer du å jobbe i eit konsern med vekstambisjonar? Me søkjer ein rekneskapsmedarbeidar som ser etter potensialet for utvikling, effektivisering og forbetring. Du vil få sjølvstendig ansvar for rekneskap- og økonomioppgåver i tett samarbeid med økonomiansvarleg. Noko reiseverksemd til Førde må påreknast. Stillinga er i utgangspunktet fleksibel 80-100% stillingsprosent.

Du må vere ein engasjert medarbeidar som evnar å jobbe i team, men som samstundes er strukturert og sjølvgåande. Du må ha evna til å kunne setje deg inn i ulike problemstillingar og fagfelt i bedrifta sine ulike avdelingar.

Eigenskapar og kvalifikasjonar:

·         Bachelor i økonomi eller erfaring med rekneskapsføring

·         Jobbar godt sjølvstendig og i samarbeid med andre

·         Fleksibel og effektiv i arbeidet

·         God datakompetanse – spesielt Excel

·         God skriftleg og munnleg norsk

·         God rekneskaps- og forretningsforståing.

·         Førarkort kl. B

Me tilbyr:

·         Varierte arbeidsoppgåver

·         Tilrettelagt kompetanseheving

·         Eit aktivt og hyggeleg arbeidsmiljø

·         Løn etter avtale, samt gode forsikrings- og pensjonsordningar.

Søknad med CV sendes til e-post: tan@kaupanger.toyota.no. Ev. Spørsmål om stillinga kan rettast til Jan Kjetil Fardal på tlf 995 83 219 eller Tor Arne Ness på tlf 908 39 860.

Søknadsfrist 28. januar.