Skadesenteret Sogn AS

Har du skade på bilen kan du ta direkte kontakt med Skadesenteret Sogn AS. Dei utfører alle karosseri- og lakkreparasjonar på våre bilar - og er kjent for å levere høg kvalitet. Har du ruteskade, kan du også ta direkte kontakt med oss på Toyota Sogn.

SKAS logo

Skadesenteret Sogn AS vart etablert i 2004 som eit samarbeid mellom Toyota Sogn AS(50%) og Berge & Co(50%). Dei held til i same bygg som Toyota Sogn på Kaupanger, og er totalt 12 medarbeidarar. Skadesenteret har ein godt utstyrt verkstad, og utfører alt frå rutereparasjonar til storskadar innan karosseri- og lakk.