Vårt miljøarbeid
Tidleg ute
Teknologisk Institutt reviderte og godkjente tysdag 24. mars Toyota Sogn innan miljøsertifiseringa ISO-14001. – Etter 10 månader med hardt arbeid, har vi no eit dokumentert miljøarbeid i bedrifta. Det er eigentleg no vi er i startgropa – sjølv om vi legg bak oss ein omfattande prosess som starta i mai i fjor. Som fjerde Toyota-forhandlar i Norge(av totalt 52) tilfredsstiller vi no miljøstandarden ISO-14001 – og komplimenterar Toyotas globale miljøfokus. Frå før er alle fabrikkar og importørledd miljøsertifiserte, og vi er blant dei første forhandlarane som har sett av ressursar til å gjere det same, stadfestar dagleg leiar Tor Arne Ness. På grunn av eit meir usikkert marked har mange forhandlarar vald å utsetje prosjektet, men Toyota Sogn var fast bestemt på at denne sertifiseringa skulle vere ei prioritert oppgåve.
Ingen avvik
Dagleg leiar i Teknologisk Institutt Sertifisering, Arne Skjelstad, kan bekrefte at Toyota Sogn bestod revisjonen utan avvik. Utdrag frå revisjonsrapporten seier: ” Toyota Sogn AS har framvist en god start på miljøledelse. De reviderte var bevisst sin påvirkning.
Det er laget gode indikatorer som er lett å følge opp slik at virkning av systemet kan kommuniseres. Det var en god bevissthet på at prosessene salg, kundemottak, deler og verksted henger sammen og påvirker hverandre.”
Kvifor ISO-sertifisering
I tillegg til å ta samfunnsansvar, ligg det i korta at det vil bli stilt krav til at verksemder har eit aktivt miljøarbeid i bedrifta. Desse krava vil først og fremst komme frå myndigheitene, men kan også komme frå vår hovudleverandør Toyota som allereie har sertifisert prosessane frå bilen vert produsert til den står hjå oss på Kaupanger. – Vi har hatt ei intern arbeidsgruppe som har lagt ned mykje tid i arbeidet, og det var skikkeleg moro når vi fekk godkjent revisjonen utan avvik, fastsler teknisk leiar Øystein Ruud. Alle tilsette har vist eit godt engasjement, og monaleg vil dei tilsette få nytte av dette utanfor jobben også.
Restavfallet ned
I våre handlingsplanar er det 4 miljøaspekt som står i fokus etter at vi har gjennomført ei miljøkartlegging av drifta. Innkjøp, energi, bilsal og avfall. - Forventningane våre er store til at vi mellom anna kan redusere restavfallet betydeleg ved å bli betre på kildesortering, fleire fraksjonar og betre rutinar skal bidra til dette, kommenterar Ness.
Bilutleige også sertifisert
I tillegg til Toyota Sogn er ANI Utleige ISO-sertifisert som leverandør av utleigebilar gjennom Hertz og Europcar. ANI Utleige opererar i Sogndal, Kaupanger, Årdal og på sommarstid Flåm.


