Toyota Sogn - 30 år i 2012!
Bilanlegget vårt på Kaupanger
Våre forretningsområder
-
Sal av Toyota (og Lexus)
-
Sal av brukte bilar
-
Bilverkstad alle merke
-
Bilberging - VIKING og NAF
-
Bilutleige - HERTZ og EUROPCAR
-
Dekksalg
- Barnesikring i bil m.m.
Din totale billeverandør:
I 30 år har vi vore etablert i Sogn, og har fram til i dag levert ca 6.000 bilar til våre kundar. Det er vi stolte av, og vi skal fortsatt etterstrebe å vere ditt naturlege val av billeverandør. Me er ein komplett billeverandør. I tillegg til å selje 250-300 nye og brukte bilar, har me ein topp moderne verkstad med dyktige fagfolk. Skal du ha vedlikehald eller reparasjon på din Toyota, gjer du eit trygt val med å komme til oss. Det er me som kan Toyota. Med fokus på kompetanse og kvalitet tek me også vedlikehald, reparasjonar og PKK(EU-kontroll) på andre merker. Innan deler og utstyr leverar me slitedeler til alle merke, samt eit godt utval av bilrekvisita i vår butikk innan t.d barnesikring, skiboksar, tilhengjarar m.m.
Marknadsposisjon
Vi takkar alle våre kundar i Sogn for at Toyota gjer det meget godt i vårt distrikt. Med ein marknadsandel på 20-25% over mange år, er Toyota blant dei aller største bilmerka i Sogn. Toyota Sogn er òg blant dei Toyota-forhandlarane som har høgst marknadsandel i heile Norge. Toyota leverar kvalitetsprodukt over heile linja både mot privatmarkedet og mot næringslivet. Moderne og trygge bilar med meget god driftstryggleik er kjenneteiknet. Det er ikkje utan grunn at Toyota er verdas leiande bilprodusent, og det vert investert mykje for å fortsatt kunne vere fremst både i teknologi og på miljøvenlege løysingar.
Historie
I 1982 leverte Toyota Sogn AS (tidl. ANI bil AS) sin første Toyota i Sogn. Selskapet vart skipa i 1981 av Arne Ness, Norvald Kvam og Inge Ness, og fram til 1997 holdt vi til inne på industriområdet på Kaupanger. I 1997 flytta vi inn i eit nytt og komplett bilanlegg langs riksvegen på Kaupanger, eit bilanlegg på 3.300m2 som vi deler med Skadesenteret Sogn AS.
Frå oppstarten til i dag har vi utvikla oss mykje, og er i dag ca 20 tilsette. Takka vere dyktige medarbeidarar og nøgde kundar framstår Toyota Sogn i dag som ei av dei større bilforretningane i Sogn. Anlegget er fortsatt moderne og romsleg nok til vårt mål om fortsatt positiv utvikling og vekst.
Miljø
Vi har eit aktivt miljøarbeid i bedrifta, og er miljøsertifisert innan standarden ISO-14001.
Utdrag frå vår miljøpolitikk:
Toyota Sogn forpliktar seg til å arbeide kontinuerleg og systematisk for forbetring i all si verksemd og drift, med respekt for menneske og miljø, for å redusere miljøbelastninga samt overhalde lover og regler som samfunnet set.
Vi vil kontinuerleg arbeide for å førebyggje og redusere miljøpåverknaden både frå vår eigen verksemd og våre samarbeidspartnarar og leverandørar.
Samfunnsansvar
Vår tillit i marknaden har òg gitt oss høve til å sponse fleire lag og organisasjonar. Det er viktig at vi som bedrift ser heilheitleg på samfunnet rundt oss og at samfunnet satsar tilstrekkjeleg på lokal næringsutvikling og stør opp om eksisterande verksemder på alle nivå.
Det var kort om oss...
Velkommen til oss på Kaupanger for ein hyggeleg bilprat!
19 av våre 21 tilsette


