Toyota Sogn feirar 30 år!
Kvalitet og kompetanse til deg som kunde
Det er vårt høge mål.
Vi har vore gjennom ei fantastisk reise som bilforhandlar i Sogn i 30 år, ei reise vi er utruleg stolte over. I 1982 etablerte Arne Ness, Norvald Kvam og Inge Ness ANI bil AS på Kaupanger. Heile vegen har vi hatt verdas leiande bilprodusent Toyota i ryggen, og med oss har vi hatt det viktigaste av alt – dyktige tilsette og nøgde kundar. Pr i dag er vi 21 tilsette i Toyota Sogn.
I 2008 endra ANI bil AS namn til Toyota Sogn, ei endring for å dra historia vidare. Framleis med lokalt eigarskap og engasjement. Heile tida har lokalt eigarskap og lokalt engasjement vore viktig for oss, og Toyota Sogn er ein aktiv støttespelar til lokal idrett og kultur. Det er ei glede for oss når vi har anledning til å gi noko tilbake til samfunnet vi lever i. I 2009 miljøsertifiserte vi også heile verksemda etter standarden ISO-14001, dette som ein del av det samfunnsansvaret vi ynskjer å ta del i.
Heilt sidan oppstarten i 1982 har vi hatt fokus på at kundane skal trivast hjå oss, og vi er glade for at våre kundemålingar år etter år viser at kundane set pris på vårt servicenivå. Dette er ikkje ei kvilepute, vi jobbar kontinuerleg med å forbetre oss for å kunne tilby endå betre kundeopplevingar og kvalitet i alle ledd.
Vi skal ta ansvaret for heile bilen din, som kunde hjå oss skal du få tryggleik og forutsigbarheit. Alle våre personbilar har 3år/50.000km serviceavtale inkludert i prisen, nettopp for at det skal vere enkelt for deg som kunde, og for at du skal ha ein oversiktleg biløkonomi.
No feirar vi 30 år – og vi ynskjer deg velkommen innom for ein god jubileumshandel!
Frå oss på Toyota Sogn
Tor Arne Ness
Dagleg leiar



