Hybrid-Taxi på vegen i Sogn!
Lexus RX450h
Bilen er ein "full-hybrid", og motoreffekten er heile 299hk. 0-100km/t går unna på 7.9 sekund sjølv om bilen veg over 2.100kg. Her har ein med andre ord rå kraft og komfort i ei miljøvenleg innpakning i høve kraft og tyngde. Bilen er oppgitt med eit forbruk på imponerande 0,63l/mil - og eit CO2-utslepp på høgde med ein middels familiebil på 148g/km! I tillegg vil ein redusere lokale miljøutslepp med ein hybridbil sidan den nærast ikkje slepp ut NOx og partiklar, NOx og partiklar er fortsatt ei utfordring med konvensjonelle dieselbilar.
Hybrid-systemet krever verken lading eller normalt vedlikehald, og har 5 års garanti. Ein fyller på bensin som vanleg, og vedlikehaldet er som på ein vanleg bensinbil.
Bilen har ein V6 bensinmotor på 249hk og to elektriske motorar på til saman 235hk. Maks effekt er 299hk, og bilen brukar energi frå køyring og bremsing til å lade batteria. Hybrid er framtidas teknologi, og Lexus/Toyota har produsert hybridbilar i over 2 millionar eksemplar over dei siste 10 år. Tilsvarande hybrid-teknologi finn ein óg i fleire Toyota-modellar, nærare bestemt i bestseljarane Prius og Auris.
Me ynskjer Edvin og Sogndal Taxi lukke til med den nye taxien.
Tor Arne
Toyota Sogn




